Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um ho so vore,
kan du godt strjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.
Olav H. Hauge
Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um ho so vore,
kan du godt strjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.
Olav H. Hauge
Arkivert under Litteratur
Eit arabisktalande par, ho med hovudskaut og heile pakka, med to ungar på slep, stressa seg inn på flyet frå Paris til Oslo i siste minutt. Ei frå flypersonalet prøver på engelsk å seie at mannen må flytte seg litt ut frå midtgangen slik at andre får plass. Han berre ser forvirra på ho og stotrar fram noko sånt som “Eh … no english …”. Ho frå flypersonalet ser oppgitt ut, veit ikkje heilt korleis ho skal kommunisere. “Men jeg kan jo snakke norsk, da”, kjem det brått frå mannen. Ho frå flypersonalet vart så forfjamsa at ho ikkje fekk fram eit einaste ord. Mannen ser framleis forvirra ut og prøver igjen med “Parlo italiano?”. Så kjem det frå ho frå flypersonalet: “Neida, det går fint på norsk”.
Seinare dultar ei anna frå flypersonalet borti kvinna som mannen kom med, og utbryt: “I’m so sorry!”. Då kjem det oppgitt frå kvinna: “Du kan snakke norsk til meg, altså, jeg forstår alt du sier”.
Arkivert under Daglegliv
… hadde eg gått på jobb kvar morgon og laga radio heile dagen. I det siste har eg frekventert radioresepsjonen på Marienlyst for å vere med i mindre sendingar. Sjølv om eg som oftast er litt seint ute og burde springe for å rekke fram til studio i tide, går eg alltid litt andaktig og ser litt ekstra inn på dei forskjellige redaksjonane der dei sit og arbeider. Det er noko tiltrekkande og fint med det å berre sitje roleg og prate.
Arkivert under Daglegliv
EXT. EIT STILLE, TOMT HUS – KVELD.
INT. EIT STORT, OPPLYST, KVITT, SPARTANSK INNREIA BAD – KVELD.
Ei kvinne på omlag 30 år ligg i eit badekar. Ho har på ei ansiktsmaske og har agurkskiver framfor auga. Eit dårleg lysrør blinkar litt. Vi høyrer lyden av krana som dryp.
I badekaret. Plutseleg ser vi ein ryggfinne på ein hai stikke opp frå badevatnet. Kvinna legg ikkje merke til han.
LITT SEINARE. Haifinnen dukkar opp på nytt, noko rører ved foten til kvinna og ho skvett til, tek bort agurkskivene frå auga, ser uroleg ned i badevatnet, ser ikkje noko.
Kvinna strekk seg etter barbersaker som ligg på kanten av badekaret, og byrjar barbere leggane sine. Er uforsiktig, nervøs.
Kvinna kuttar seg på eine leggen, vi ser korleis vatnet vert litt raudt av blodet.
Ein plutseleg lyd av uroleg vatn. Vi ser kvinna sin arm som klamrar seg til kanten av badekaret. Lyd av kvinneskrik og ein kamp som går føre seg i badekaret (O.S).
Plutseleg stille, pause.
INT. BADET, FRAMLEIS OPPLYST – KVELD.
Vi ser badekaret, fylt av knallraudt vatn. Kvinna er ikkje der.
KLIPP TIL SVART.
Arkivert under Litteratur
Lyden av språket ditt
i botnen av bøtta
sig forbi med høge dunk
sleper røtene etter
Arkivert under Litteratur
… når du vaskar opp eit sugerøyr. Så står du i kanskje eitt minutt og ser på det og lurer på kva som ikkje stemmer heilt. Så går det opp for deg. Og så står du i kanskje eitt minutt til og berre seier dust til deg sjølv.
Arkivert under Daglegliv
Ikkje fordi eg trudde boka skulle vere så bra, men fordi ho kosta 19 kr. Men etter å ha lese ho må eg innrømme at ho var ganske bra og at 19 kr. var ein litt upassande låg pris.
Arkivert under Litteratur, Til opplysning:
Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.
Halldis Moren Vesaas
Arkivert under Litteratur