Ein jungel der ute
Oslo
I
Eg bur i Oslo
ikkje tilfeldig
nærare Ivar Aasen på denne måten
han budde òg i Oslo
ofra seg
sjølvsagt ville han ikkje bu her
han drøymde om fjella
og tenkte han ein dag skulle vende attende
då dei la han i oslojord
tenkte han nok
faen
eg lurer på om han nokon gong
skreiv dårlege dikt
som ikkje rima
og om dei ikkje rima
av di han ville det
eller ikkje
II
det er andre grunnar òg
til at eg er her
i byen, altså
det er dyr her
ein vanlegvis ikkje ser
der eg kjem frå
III
ute i parken
gror byen
ut av seg sjølv
vrenger og vrir
og pressar
gjennom smerte
skal graset
sprette
IV
Oslo er eit trongt rom
V
ute i menneskeskogen
tre utan røter
røter utan feste
her er berre stein
ikkje noko for skjøre
indianarføter
som freistar trakke sin eigen veg
det er så mange som allereie
har trakka
her
lyset frå gatene
stel stjernene
VI
trekkspel
trekk meg opp
joik meg ned
eg har dansekjolen på
den som svingar
når eg ler
VII
vaknar
ser sakte ut vindauget
sushitrynet
VIII
det går ikkje an å gøyme seg
i Oslo
uansett kvar eg går
står du bak gatehjørnet og ler
av mine tafatte forsøk
ser deg nok
IX
eg tenkjer ofte på alle navlestrengane
som vert kutta
no!
her i byen
og om dei faktisk vert kutta
og kvar dei ender opp
borna
når foreldra skal skiljast
X
du er ikkje einsam i Oslo
XI
eg les kva dei andre har skrive
om denne byen eg
må opphalde meg i
og eg kjenner meg ikkje igjen
XII
likar du deg her når det snør og regnar
og snøen vert klissete
og svart
og salt
og bussen kryp framover
i dødsangst
og du kjem garantert for seint
og du vert så sint
og du seier du vil flytte
XIII
elskar du meg?
XIV
det er feil
når folk kallar oss
eit latte-drikkande folk
eg drikk te
kvar gong
XV
eg hugsar ikkje når eg kom
det var ein vår
trur eg
eg veit ikkje når eg dreg
Ein jungel der ute
Oslo
I
Eg bur i Oslo
ikkje tilfeldig
nærare Ivar Aasen på denne måten
han budde òg i Oslo
ofra seg
sjølvsagt ville han ikkje bu her
han drøymde om fjella
og tenkte han ein dag skulle vende attende
då dei la han i oslojord
tenkte han nok
faen
eg lurer på om han nokon gong
skreiv dårlege dikt
som ikkje rima
og om dei ikkje rima
av di han ville det
eller ikkje
II
det er andre grunnar òg
til at eg er her
i byen, altså
det er dyr her
ein vanlegvis ikkje ser
der eg kjem frå
III
ute i parken
gror byen
ut av seg sjølv
vrenger og vrir
og pressar
gjennom smerte
skal graset
sprette
IV
Oslo er eit trongt rom
V
ute i menneskeskogen
tre utan røter
røter utan feste
her er berre stein
ikkje noko for skjøre
indianarføter
som freistar trakke sin eigen veg
det er så mange som allereie
har trakka
her
lyset frå gatene
stel stjernene
VI
trekkspel
trekk meg opp
joik meg ned
eg har dansekjolen på
den som svingar
når eg ler
VII
vaknar
ser sakte ut vindauget
sushitrynet
VIII
det går ikkje an å gøyme seg
i Oslo
uansett kvar eg går
står du bak gatehjørnet og ler
av mine tafatte forsøk
ser deg nok
IX
eg tenkjer ofte på alle navlestrengane
som vert kutta
no!
her i byen
og om dei faktisk vert kutta
og kvar dei ender opp
borna
når foreldra skal skiljast
X
du er ikkje einsam i Oslo
XI
eg les kva dei andre har skrive
om denne byen eg
må opphalde meg i
og eg kjenner meg ikkje igjen
XII
likar du deg her når det snør og regnar
og snøen vert klissete
og svart
og salt
og bussen kryp framover
i dødsangst
og du kjem garantert for seint
og du vert så sint
og du seier du vil flytte
XIII
elskar du meg?
XIV
det er feil
når folk kallar oss
eit latte-drikkande folk
eg drikk te
kvar gong
XV
eg hugsar ikkje når eg kom
det var ein vår
trur eg
eg veit ikkje når eg dreg

Flott!
så fint!