Livet

Livet er enkelt

det  er eit ord med fem bokstavar

det same med døden og havet

kjønn er eit pronomen

som du kan bøye ord med

men kjærleiken

er ikkje slik han ser ut

Kommenter innlegget

Filed under Litteratur, Til opplysning:

Ein gong var det kaffi

 

ein gong var det kaffi

i dette kruset

 

for tre dagar sidan:

rykande svart

ein gong var det varmt

å halde kring kruset

 

varmt i halsen, magen

no er det tomt, ferdig,

kaldt når leppene møter

keramikken

Kommenter innlegget

Filed under Daglegliv, Litteratur, Til opplysning:

Før var bananene bøygde

 

før var bananene bøygde

som mjuke verb

som: syngjer, speler, ler

 

men no er dei

utan omvegar

berre beint fram strake

som linjalar, blyantar og

den kortaste vegen mellom to punkt

 

som om dei trur

at dei ein gong

skal klare å strekke seg

inn i himmelen

Éin kommentar

Filed under Litteratur, Til opplysning:

Sanningi

Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um ho so vore,
kan du godt strjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.

Olav H. Hauge

Kommenter innlegget

Filed under Litteratur

Å dømme boka på omslaget, evt. skode hunden på håra

Eit arabisktalande par, ho med hovudskaut og heile pakka, med to ungar på slep, stressa seg inn på flyet frå Paris til Oslo i siste minutt. Ei frå flypersonalet prøver på engelsk å seie at mannen må flytte seg litt ut frå midtgangen slik at andre får plass. Han berre ser forvirra på ho og stotrar fram noko sånt som “Eh … no english …”. Ho frå flypersonalet ser oppgitt ut, veit ikkje heilt korleis ho skal kommunisere. “Men jeg kan jo snakke norsk, da”, kjem det brått frå mannen. Ho frå flypersonalet vart så forfjamsa at ho ikkje fekk fram eit einaste ord. Mannen ser framleis forvirra ut og prøver igjen med “Parlo italiano?”. Så kjem det frå ho frå flypersonalet: “Neida, det går fint på norsk”.

Seinare dultar ei anna frå flypersonalet borti kvinna som mannen kom med, og utbryt: “I’m so sorry!”. Då kjem det oppgitt frå kvinna: “Du kan snakke norsk til meg, altså, jeg forstår alt du sier”.

Éin kommentar

Filed under Daglegliv

I eit anna liv…

… hadde eg gått på jobb kvar morgon og laga radio heile dagen. I det siste har eg frekventert radioresepsjonen på Marienlyst for å vere med i mindre sendingar. Sjølv om eg som oftast er litt seint ute og burde springe for å rekke fram til studio i tide, går eg alltid litt andaktig og ser litt ekstra inn på dei forskjellige redaksjonane der dei sit og arbeider. Det er noko tiltrekkande og fint med det å berre sitje roleg og prate.

2 kommentarar

Filed under Daglegliv

BADEKARET. Ein veldig kort film.

EXT. EIT STILLE, TOMT HUS – KVELD.

INT. EIT STORT, OPPLYST, KVITT, SPARTANSK INNREIA BAD – KVELD.

Ei kvinne på omlag 30 år ligg i eit badekar. Ho har på ei ansiktsmaske og har agurkskiver framfor auga. Eit dårleg lysrør blinkar litt. Vi høyrer lyden av krana som dryp.

I badekaret. Plutseleg ser vi ein ryggfinne på ein hai stikke opp frå badevatnet. Kvinna legg ikkje merke til han.

LITT SEINARE. Haifinnen dukkar opp på nytt, noko rører ved foten til kvinna og ho skvett til, tek bort agurkskivene frå auga, ser uroleg ned i badevatnet, ser ikkje noko.

Kvinna strekk seg etter barbersaker som ligg på kanten av badekaret, og byrjar barbere leggane sine. Er uforsiktig, nervøs.

Kvinna kuttar seg på eine leggen, vi ser korleis vatnet vert litt raudt av blodet.

Ein plutseleg lyd av uroleg vatn. Vi ser kvinna sin arm som klamrar seg til kanten av badekaret. Lyd av kvinneskrik og ein kamp som går føre seg i badekaret (O.S).

Plutseleg stille, pause.

INT. BADET, FRAMLEIS OPPLYST – KVELD.

Vi ser badekaret, fylt av knallraudt vatn. Kvinna er ikkje der.

KLIPP TIL SVART.

Éin kommentar

Filed under Litteratur