Category Archives: Daglegliv

Ein gong var det kaffi

 

ein gong var det kaffi

i dette kruset

 

for tre dagar sidan:

rykande svart

ein gong var det varmt

å halde kring kruset

 

varmt i halsen, magen

no er det tomt, ferdig,

kaldt når leppene møter

keramikken

Kommenter innlegget

Filed under Daglegliv, Litteratur, Til opplysning:

Å dømme boka på omslaget, evt. skode hunden på håra

Eit arabisktalande par, ho med hovudskaut og heile pakka, med to ungar på slep, stressa seg inn på flyet frå Paris til Oslo i siste minutt. Ei frå flypersonalet prøver på engelsk å seie at mannen må flytte seg litt ut frå midtgangen slik at andre får plass. Han berre ser forvirra på ho og stotrar fram noko sånt som «Eh … no english …». Ho frå flypersonalet ser oppgitt ut, veit ikkje heilt korleis ho skal kommunisere. «Men jeg kan jo snakke norsk, da», kjem det brått frå mannen. Ho frå flypersonalet vart så forfjamsa at ho ikkje fekk fram eit einaste ord. Mannen ser framleis forvirra ut og prøver igjen med «Parlo italiano?». Så kjem det frå ho frå flypersonalet: «Neida, det går fint på norsk».

Seinare dultar ei anna frå flypersonalet borti kvinna som mannen kom med, og utbryt: «I’m so sorry!». Då kjem det oppgitt frå kvinna: «Du kan snakke norsk til meg, altså, jeg forstår alt du sier».

Éin kommentar

Filed under Daglegliv

I eit anna liv…

… hadde eg gått på jobb kvar morgon og laga radio heile dagen. I det siste har eg frekventert radioresepsjonen på Marienlyst for å vere med i mindre sendingar. Sjølv om eg som oftast er litt seint ute og burde springe for å rekke fram til studio i tide, går eg alltid litt andaktig og ser litt ekstra inn på dei forskjellige redaksjonane der dei sit og arbeider. Det er noko tiltrekkande og fint med det å berre sitje roleg og prate.

2 kommentarar

Filed under Daglegliv

Du veit at du er for trøytt…

… når du vaskar opp eit sugerøyr. Så står du i kanskje eitt minutt og ser på det og lurer på kva som ikkje stemmer heilt. Så går det opp for deg. Og så står du i kanskje eitt minutt til og berre seier dust til deg sjølv.

Éin kommentar

Filed under Daglegliv