Category Archives: Til opplysning:

Livet

Livet er enkelt

det  er eit ord med fem bokstavar

det same med døden og havet

kjønn er eit pronomen

som du kan bøye ord med

men kjærleiken

er ikkje slik han ser ut

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Litteratur, Til opplysning:

Ein gong var det kaffi

 

ein gong var det kaffi

i dette kruset

 

for tre dagar sidan:

rykande svart

ein gong var det varmt

å halde kring kruset

 

varmt i halsen, magen

no er det tomt, ferdig,

kaldt når leppene møter

keramikken

Kommenter innlegget

Filed under Daglegliv, Litteratur, Til opplysning:

Før var bananene bøygde

 

før var bananene bøygde

som mjuke verb

som: syngjer, speler, ler

 

men no er dei

utan omvegar

berre beint fram strake

som linjalar, blyantar og

den kortaste vegen mellom to punkt

 

som om dei trur

at dei ein gong

skal klare å strekke seg

inn i himmelen

Éin kommentar

Filed under Litteratur, Til opplysning:

Eg har lese Brakk av Sigmund Løvåsen

Ikkje fordi eg trudde boka skulle vere så bra, men fordi ho kosta 19 kr. Men etter å ha lese ho må eg  innrømme at ho var ganske bra og at 19 kr. var ein litt upassande låg pris.

Kommenter innlegget

Filed under Litteratur, Til opplysning: